Av Marianne Skår
True facts 1
Kortvaksne personar har meir bakkekontakt enn andre.
Avslag i posten
Det er ikkje potensiale i små tekstar.
Suksessen ligg i lange setningar med substans.
Hyklerisk
Eg drøymer om klaskande rumpeballar medan eg preiker puritanske førestillingar.
Promp
Det eg trudde var ein ubetydeleg fjert, viste seg å vere eit kulturmøte av ukjente dimensjonar.
Ønskeliste 2025:
Viss eg berre var jul. Så kunne eg komme ein gong om året.
Skal eg hjelpe deg på veg?
Ta av støvlane
før du hoppar ut ifrå brua.
Gummistøvlar er ikkje
praktiske
i vatn.
Du pratar piss!
Det er som om urinstråla di er uendeleg.
Du har for mykje tid
Eg likar å sitje på biblioteket.
Det er fint å sjå på menneske som leitar etter meining i ord.
Du er så flink til å uttrykke deg
Vondskap
er tydlegast
som stilleben.
Middagsgjester
Åh, eg er så deprimert
Sa ho
Og opna døra med eit strålande smil.
Plutseleg var eg naken
Kven er du eigentleg, spurte han.
Eg hadde handa langt nede i kakeboksen og smular på kjaken.
Eg visste eg var avslørt. Det blei ikkje samleie i kveld.
Dette krevde ord utan handling.
Velkomst
Skamfulle kjønnslepper raudnar
heng som julekuler på ein frisk blom
vert du kvalm over orda?
Velkommen skal du vere.
MARIANNE SKÅR, (f. 1982) i Hardanger, men bor i København. Utdannet dramaturg og dramatiker, og skriver både poesi og dramatikk. Dette diktet er fra en av de diktsamlingene hun skriver på for tiden, og har arbeidstittelen «Dommedag». Hun har hatt tekster med i både norske og danske litteraturtidsskrifter, og håper med tiden å få mulighet for å utgi en større samling tekster.
Originalt publisert i #1-25 GUD BEDRE!